Om oss

Lustraheimen er eit lite oppdrett av eurasier på Charlottenlund i Trondheim. Her bur me i ein einebustad med inngjerda hage, som hundane stortrivst med å springe, leike og utfolde seg i.

Vår kjærleik til eurasieren starta i 2013, ved ein heldig tilfeldigheit. Simen var nemleg med eit vennepar på hundeutstilling, og der fekk han auge på to nydelege hundar. Han fann kjapt ut namnet på rasen, og han var knapt komme inn dørane heime før han fortalte at me måtte søke opp og finne ut meir om eurasier... og det me las høyrtes jo ut til å passe oss perfekt!

I 2014 flytta ei nydeleg, lita eurasierfrøken heim til oss, og me fekk verkeleg bekrefta at dette var rasen for oss <3

Eit par år seinare vart me fôrvertar for ei fantastisk tispe, og nysgjerrig som spesielt eg (Siri) var på avl og oppdrett, fekk eg med det ein gylden mulegheit til å komme tett på og lære mykje av kunnskapsrike mentorar, som har lang erfaring med rasen i Norge. 

I dag har me ein herleg, harmonisk flokk beståande av tre eurasierar og ein mittelspitz buande hjå oss. Våre hundar er familiemedlemmar, som lev tett saman med oss og er med oss på det aller meste.

I 2016 og 2017 gjekk eg Oppdretterskolen del 1 og del 2 i regi av NKK, der ein får opplæring i (saksa frå nkk.no):
"Kurs 1 Genetikk og avl: genetikk, seleksjon, kombinasjon, avlsarbeid, avlsstrategi, regler/retningslinjer.
 Kurs 2 Oppdrett: praktisk avl og oppdrett, reproduksjon, fødsel, valper."

Kennelnamnet vårt er Lustraheimen, og er godkjent av og registrert i NKK og FCI. Me har gjennom dette forplikta oss til å følge NKK sine etiske grunnreglar for avl og oppdrett. Valpar frå Lustraheimen er etter klinisk friske foreldre med godt gemytt og rasetypisk eksteriør. Me avlar utelukkande på foreldre som er helsesjekka etter Eurasierklubben sine anbefalingar. 

Er du interessert i ein prat om valp eller ønsker å sette deg på valpelista vår, så ta kontakt på epost eller mobil.

Epostadresse: lustraheimen@gmail.com

Mobil: 41 27 88 32

Du finn oss også på facebook: Kennel Lustraheimen Facebook


Lustraheimens Alma