Forvert

Bur du i Trondheimsområdet og kan tenke deg å vere forvert?


Det er viktig for oss at alle hundar i kennelen vår skal ha fullverdige, flotte liv og få den merksemda, tida og omsorgen dei fortener. Våre kombinasjonar er nøye planlagde, og me vil med vårt oppdrett strebe etter å fremme det beste i rasen. Det vil derfor vere ønskeleg å beholde valpar (i hovudsak tisper, men av og til også hannhundar) for å bygge vidare på avlsarbeidet vårt. Skal me drive eit godt og seriøst oppdrett er me derfor frå tid til anna avhengige av å finne gode forvertar til nokre av avlshundane våre.

Å vere forvert betyr at du overtek valpen kostnadsfritt, mot at me beheld avlsrettigheitar på den. Du vil få den valpen i kullet som me meiner er best eksteriørmessig og egna for vidare avl. Valpen vil bli ståande i vårt eige, men den skal bu og leve heile livet sitt med deg, og du skal behandle den som din eigen :)
Når hunden er gamal nok skal den helsesjekkast, og dersom den går i gjennom avlskrava har kennelen rett på å bruke den i avl. Eigarskapet vil bli overført til forvert når kontrakten er innfridd. Om hunden viser seg å ikkje vere egna til avl, vil den bli overført til forvert.

Oppdrettar har rett til å ta med fortispe for paring i dei dagane det er nødvendig. Derfor må du som forvert alltid gi beskjed til oss straks ho får løpetid. Vidare skal ho bu saman med oss i frå rimeleg tid før valping og til valpane er 8 veker gamle. Du er sjølvsagt hjerteleg velkommen til å besøke tispa og valpane i denne perioden. Me er opptekne av at tispa skal ha vore hos oss ofte nok til at ho kjenner seg trygg i heimen vår når ho skal ha valpar. Det er følgeleg nødvendig at du ikkje bur veldig langt unna.

Utover paring/valpekull ønsker me også å ta med hunden på utstillingar. Dette er noko me vil snakke om og avtale på forhånd saman med forvert. Du må gjerne bli med eller delta sjølv om du skulle ønske det. Forvert må holde hunden i god kondisjon, og helst også delta på utstillingstreningar. Utstillingstreningar er fantastisk kontakttrening, om ein ønsker å gå på utstilling eller ei.

Me forventar elles det same av forvertane våre, som av valpekjøparane våre. Du skal gjere den jobben ein kvar hundeeigar bør gjere. Valpen skal få flytte til ein heim der den blir ordentleg ivaretatt, og får nødvendig sosialisering og miljøtrening. Me tilbyr så klart tips, råd og oppfølging på vegen!

Ein fôravtale skal vere positivt for både oppdrettar og forvert! Me legg derfor stor vekt på god kommunikasjon og eit nært samarbeid.


Har du fleire spørsmål rundt dette er det berre å ta kontakt :)
Kan du tenke deg å bli forvert? Send gjerne mail til lustraheimen@gmail.com med utfyllande info om deg og ditt liv med hund.