Kjøpe valp frå oss?

Når du kjøper valp frå oss får du ein valp som har vokse opp heime saman med oss. Den vil vere sosialisert med hundar og menneske, samt ha fått leika og utfordra seg i ulike miljø og terreng. Valpane får vere mykje ute frå 4-5 vekers alder så lenge vêret tillet det. Me ønsker å gi valpen eit god utgangspunkt før den innsatsen du som valpekjøpar og valp skal legge ned saman for å gi valpen eit flott, trygt og godt liv.


Våre valpar blir levert ved 8-9 vekers alder, og valpen blir då levert med:

    - Kjøpskontrakt
    - Helseattest
    - ID-merka (chip)
    - Pass
    - Vaksinert mot parvo
    - Jamlege ormekurar (3x)
    - Registrert i NKK
    - Mat for dei første dagane i sin nye heim
    - Leike og teppe med lukt av mor
    - Halsband og kobbel
    - Perm med nyttig informasjon


    Dette forventar me av våre valpekjøparar:


    Me forventar at valpen blir inkludert i sin nye familie, og at du vil gi den eit godt, rikt og trygt liv med masse kjærleik. Me sel ikkje ei vare, men eit familiemedlem! Derfor ønsker me at valpekjøparane våre skal komme på besøk, slik at me kan bli bedre kjent og spore oss inn på kva valp som passar best. Ein valp utviklar seg enormt frå nyfødt til 8-9 veker, både fysisk og psykisk. Me ønsker å tilpasse rett valp til rett valpekjøpar best muleg, og vil derfor vurdere kullet etterkvart som dei veks til. Kven som skal ha kva valp blir ikkje bestemt før dei er 6-8 veker, men me prøver i den grad det er muleg å tilpasse etter folks ønsker. Målet er at alle skal bli fornøgde :)

    Å kjøpe valp skal alltid vere ei nøye og gjennomtenkt avgjersle. Skaffar du deg hund, har du eit familiemedlem i mange år framover. Me sel derfor til ansvarlege vaksne, som har tenkt gjennom ansvaret og kostnadane det inneber å ha hund, og er villig til å påta seg dette i heile hundens levetid.

    - Ein valp skal ikkje vere aleine den første tida, og du må derfor ha ein plan på korleis du skal løyse dette, slik at du gradvis kan aleinetrene den.

    - Me ønsker at valpen blir forsikra mot veterinærutgifter og død. Nokre gonger kan det dukke opp uforutsette ting, og då er det dyrt å ikkje ha forsikring.

    - Hunden skal helsesjekkast når den er mellom 1 og 2 år.

    - Om du ikkje lenger har mulegheit til å ha hunden skal du kontakte oss først.

    - Når det er avgjort at du får ein valp frå oss, tek me eit depositum. Meir info om dette vil stå i reservasjonsmailen.